• Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    15.04.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4323411
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 12.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Hemsedal Kommune

Sommarvikar/tilkallingsvikar som miljøarbeidar på Bråtenjordet

Offentlig forvaltning

Vi treng omlag 8-9 sommarvikarar til Bråtenjordet omsorgsbustader i sommar. Gode mogelegheiter for vakter på våren og utover hausten også. Sommarvikarar som kan starte med opplæring vinter/vår er optimalt. Grunna pandemien kan det verta behov for snarleg tiltreding. 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert fortløpande og at nokon av stillingane kan verta tilset før søknadsfristens utløp.

Stillinga vil innebere å jobbe med born og vaksne med behov for praktisk bistand/miljøarbeid. Du vil vere vikar i eit team rundt forskjellige brukarar. Arbeidet inneber turnus med dag/kveld/natt arbeid. Ein del av vaktene er organisert som døgnarbeid og lange vakter.

Arbeidsoppgåver vil vere å sørgje for at det sosiale miljøet og kvardagen er lagt til rette slik at det kjem personar med spesielle behov til gode på best mogeleg måte. Aktivisering, motivasjonsarbeid og bistand til daglege
gjeremål vert viktig, også som ein del av undervisninga i skuletida. Arbeidsoppgåver vil krevje at den tilsette vert kjent med fagoppgåver slik som PECS, avtalestyring og EIBI. Det vert gjeve opplæring på det.

Vi ønskjer personar som:
- er klar for nye utfordringar
- kan jobbe tett saman med andre kollegaer
- har initiativ til å utføre tiltak og aktivitetar
- er fleksibel og kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- er opptekne av refleksjon rundt eiga praksis
- kan gje og ta imot rettleiing
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar:
Alle søkjarar vert vurdert. Relevant erfaring med arbeid med personar som har funksjonsnedsetjing og utviklingshemming er eit pluss, men ikkje nødvendig. Opplæring vert gjeve. 
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, tryggheit, fleksibilitet og arbeidsglede. Det er krav om god munnleg og skrifteleg framstillingsevne.
Det er krav om sertifikat klasse B.

Generell informasjon:
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om politiattest jf forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi har fokus på likestilling og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7

Søkjarlister er offentlege jf. offentleglova §25. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort må du krysse av og grunngje dette i søknadsprosessen. Om dette ikkje vert teke til fylgje vil du som søkjar verta varsla, og du kan då velje å trekke din søknad før søkjarlista vert utarbeida.

Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk verta generert ein CV utifrå opplysningane som vert lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastast opp og vert då ein del av den elektroniske søknaden. Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen.

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar her hjå oss i Hemsedal kommune.

Kontaktperson:
Tarjei Midttun, leiar Bråtenjordet, mobil: 976 03 070, tarjei.midttun@hemsedal.kommune.no

 

 

  • Bedrift
    Hemsedal Kommune
  • Søknadsfrist
    15.04.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3560, HEMSEDAL
    HEMSEDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4323411
  • Se her for andre jobber fra Hemsedal Kommune
  • Oppdatert 12.01.2022