Ledig stilling

Sogndal kommune

Sommarvikar som hjelpepersonell - Sogndal legesenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal legesenter har ledig sommarvikariat som hjelpepersonell i perioden 17. juni til 16. august, eller deler av perioden.

Me søkjer deg som er helsepersonell eller under utdanning som helsepersonell.

Arbeidsoppgåver:

Aktuelle oppgåver er t.d.

  • resepsjonsarbeid
  • sentralbord
  • administrative oppgåver avhengig av kvalifikasjonar hjå søkjar.

 Krav til kompetanse:

  • Helsesekretær/helsefagarbeidar, sjukepleiar eller student i sjukepleie eller medisin.

Krav til søkjar:

  • Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
  • Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte.
  • Fleksibilitet, evne til å handtere fleire problemstillingar på ein gong, tåle avbrytingar og samstudes klare å jobbe systematisk og ryddig.
  • Flytande norskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Me tilbyr:

  • Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter tariff.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.