Detaljer
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
10.02.2021Sted:
DALEKVAMBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
DALEKVAMLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3326966Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
Sommarjobbar i Vaksdal kommune - helse og omsorg
Er du sjukepleiar, vernepleiar, fagarbeidar eller pleiemedarbeidar på jakt etter sommarjobb?
Me kan tilby ein spanande og allsidig sommarjobb i vår kommune.
Ferieperioden strekker seg frå veke 25 til veke 32. Du vert prioritert om du kan arbeide minst 4 veker samanhengande i denne perioden.
Om du ynskjer, kan du starte allereie no! Me har ledige vakter på helg og i vekedagar.
Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no og husk å merke søknaden med kor du ynskjer å jobba (gjerne alternativ om du kan tenkja deg å jobba fleire plassar).
Arbeidsstad
- Daletunet, korttids- og langtidsavdeling – Monika Dahle Skjerveggen, avdelingsleiar, 48880364
- Heimetenesta; heimesjukepleie, omsorg pluss-avdeling, praktisk bistand og dagsenter – Maria Kolstad, avdelingsleiar, 48880338
- Bueining for funksjonshemma og avlastning for born – Maren Amanda Thorkildsen, avdelingsleiar, 95987676
- Ressurssenter for personar med demens, langtidsavdelingar somatikk og demens – Anne Kari Helle, avdelingsleiar, 45376843
- Kommunelegekontoret – Ole Miltzow Thorseth
Arbeidsoppgåver
I Vaksdal jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Anten du likar å arbeide sjølvstendig, i team, har omsorgsblikket, arbeid innan rehabilitering eller liker å arbeide miljøterapiretta - me har jobben for deg.
Kvalifikasjonar
- God i norsk skriftleg og munnleg
- Har gode datakunnskapar
- Som sjukepleiar eller fagarbeidar: Norsk autorisasjon
- Førarkort klasse B er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og serviceinnstilt
- Praktisk og fleksibel
- Sjølvstendig og stå-på-vilje
- God på kommunikasjon
- Er ivrig og lærevillig
Må ha gyldig politiattest.
Lønsvilkår
- Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Stillingsbrøk: ca 70 - 100%
- Opplæringsvakter
- Gode støttefunksjoner
- Varierte arbeidsoppgåver
- Dyktige kollegaer
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Treng du hjelp, kan du venda deg til innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater