Företag
Ulvik kommuneAnsökningstiden
29.03.2021Bransch
Offentlige tjenester og forvaltningUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5730, ULVIK
ULVIK
NorgeAndra arbetsplatser
UlvikAntal befattningar
12Karriere-kod
3557986Se här för andra jobb från Ulvik kommune
- Uppdaterad 10.03.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Ulvik kommune
SOMMARJOBBAR I ULVIK HERAD
Offentlige tjenester og forvaltning
Ulvik herad ligg ved Hardangerfjorden og er omkransa av flotte skog- og fjellområde som innbyr til tur- og friluftsliv heile året. I tillegg er det eit yrande badeliv om sommaren. Me har eit aktivt idretts- og kulturliv, med flotte anlegg for leik og idrett både sommar og vinter. Kulturlivet i bygda blømer med Poesifestival, Sommarfestival, Siderslepp, Finsejazz, Fruktslepp og mykje meir! For meir informasjon om Ulvik, besøk heimesida vår www.ulvik.kommune.no eller www.visitulvik.no
Vil du ha sommarjobb i Ulvik herad?
ULVIK TURISTKONTOR
2 ledige 80% mellombels stillingar som sommarvertar på Ulvik turistkontor. Tilsetting i perioden 15. mai til 31. august 2021.
1 helgestilling frå 1. april (Jobb laurdagar, pluss ekstravakter ved behov)
Arbeidsoppgåver
Ulvik herad har ansvar for drifta av Ulvik turistkontor, som har ope alle dagar i veka i sommarsesongen. Som vertskap i turistinformasjonen skal ein svara på førespurnader på kontoret, på telefon og e-post, oppdatera informasjon på nettsider og andre digitale kanalar, samt anna arbeid knytt til den daglege drifta.
Me ynskjer fylgjande kvalifi kasjonar:
Søkjar må vera over 16 år. God kunnskap om geografi og reiselivsrelaterte produkt i regionen. Snakka og skriva godt norsk og engelsk. Du må trivast i vertskapsrolla og kunna jobba sjølvstendig, vera fl eksibel og løysingsorientert. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar verta vektlagd.
For meir informasjon om stillingane, kontakt Nærings- og reiselivssjef Mona H Hellesnes: mona.hellesnes@ulvik.kommune.no / Tlf 40 00 71 96
ULVIK BARNEHAGE
1 - 2 ledige 100% stillingar som ferievikar i perioden 5.- 16. juli og 2.- 10. august.
Arbeidsoppgåver
Praktisk omsorgsarbeid i barnehage med barn i alderen 1-5 år.
Me ynskjer fylgjande kvalifi kasjonar
Personlege eigenskapar som sjølvstende, fl eksibilitet og gode samarbeidsevner. Må kunna kommunisera godt med barn. Gjerne erfaring frå arbeid med barn i barnehage eller skule. Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
For meir informasjon om stillingane, kontakt barnehagestyrar Solgunn Bjørke solgunn.w.bjorke@ulvik.kommune.no / tlf 400 07 140
EINING FOR PLAN, TEKNIKK OG EIGEDOM
2 ledige 100 % mellombels stillingar som sommarvikarar i reinhald. Tilsetting i perioden frå 21.juni - 15.juli 2021.
Arbeidsoppgaver
Teknisk reinhald i Ulvik herad har ansvar for reinhald av kommunale bygg: Barnehage, skule, administrasjon, mm. Sommervikarar inngår i Teknisk drift sin organisasjon og kan verta pålagt å utføra arbeidsoppgåver også utanfor det tiltenkte arbeidsområdet.
Me ynskjer fylgjande kvalifi kasjonar:
Søkjar må vera over 16 år. Førarkort klasse B (ikkje eit absolutt krav). Gode samarbeidsevner. Du må kunna jobba sjølvstendig og i team, vera fleksibel og løysingsorientert. Ved tilsetting vil personlege eigenskapar verta vektlagt.
4 ledige 100 % mellombels stillingar som sommarvikarar i teknisk drift og grøne anlegg.Tilsetting i perioder frå 1.juni - 8.juli, og frå 12.juli - 13.august 2021.
Arbeidsoppgaver
Teknisk drift i Ulvik herad har ansvar for vedlikehald av infrastruktur, grøne anlegg og parkar. Sommervikarar inngår i Teknisk drift sin organisasjon og kan verta pålagt å utføra arbeidsoppgåver også utanfor det tiltenkte arbeidsområdet.
Me ynskjer fylgjande kvalifi kasjonar:
Søkjar må vera over 16 år. Førarkort klasse B (ikkje eit absolutt krav). Gode samarbeidsevner. Du må kunna jobba sjølvlvstendig og i team, vera fl eksibel og løysingsorientert. Ved tilsetting vil personleg eigenskaper verta vektlagt.
For meir informasjon om stillingane, kontakt Kommunalsjef for Plan, teknikk og eigedom Vera Iversen: vera.iversen@ulvik.kommune.no / Tlf 40 00 71 86
HELSE- OG OMSORGSEININGA
2 ledige, 80 % stillingar som helsefagarbeidar. Tilsetting i perioden veke 26 - 32
Arbeidsoppgåver
Stell, pleie, kvardagsmestring, omsorg, primærkontakt, dokumentasjon og praktiske oppgåver.
Me ynskjer fylgjande kvalifi kasjonar:
Gode norskkunnskapar. Personlege eigenskapar som sjølvstende, stå på vilje, fl eksibilitet og gode samarbeidsevner. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
1 ledig stilling som heimehjelp, 80 % stilling. Tilsetting i perioden veke 27 - 30.
Arbeidsoppgaver
Nødvendig hjelp med reinhald i heimen.
Me ynskjer fylgjande kvalifi kasjonar:
Søkjar må ha førarkort klasse B. Personlege eigenskapar som: Evne til å arbeida sjølvstendig, vera fl eksibel, positiv og gode evner til å kommunisera med brukarane.
For meir informasjon om stillingane, kontakt Helse og omsorgsleiar Åshild Sønsteby: ashild.sonsteby@ulvik.kommune.no / Tlf 40 00 71 51
Ulvik herad tilbyr eit spanande fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter. Fagleg og positivt arbeidsmiljø.
Løn i samsvar med gjeldande tari , kompetanse og ansiennitet.
Søk digitalt på www.Ulvik.kommune.no Du finn digitale søknadsskjema under «Ledige stillingar».
Søknadsfrist: 29.mars 2021
Företag
Ulvik kommuneAnsökningstiden
29.03.2021Bransch
Offentlige tjenester og forvaltningUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5730, ULVIK
ULVIK
NorgeAndra arbetsplatser
UlvikAntal befattningar
12Karriere-kod
3557986Se här för andra jobb från Ulvik kommune
- Uppdaterad 10.03.2021