• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    30.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3509659
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.02.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sommarjobb i prosjektet "Trygg Elv"

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune er ein av fleire kommunar som i lag med NTNU og NVE er deltakar i forskingsprosjektet «Trygg Elv». Vi søker studentar til spanande og varierte sommarjobb- oppgåver knytt til dette prosjektet.

Trygg Elv prosjektet har som mål å utvikle metodar for effektiv kartlegging av kritiske område langs bekker og vassdrag i forhold til flaum, erosjon, jord- og kvikkleireskred. I prosjektet vert det utvikla metodar som koplar informasjon frå GIS system med strøymingsforhold i vassdrag og på bakgrunn av dette identifisere kritiske punkt der ein må ha ekstra fokus og vurdere tiltak.

Prosjektet tar utgangspunkt i vassdrag og hendingar i kommunen og sommarjobben vil mellom anna skaffe viktig lokalt grunnlag for prosjektet og eventuelt også for prosjekt- eller masteroppgåve.

Sommarjobben vil vere svært relevant for studentar med interesser for eit eller fleire av tema naturfarar, hydrologi/ hydraulikk, geologi, geoteknikk, planlegging, veg, bane og annan infrastruktur. Ikkje minst vil den være relevant for studentar som ønsker høve til å kombinere felt og kontorarbeid.

Sommarjobben kan knytast til studie innan dei nemnde fagområde og kan vidareførast i eller vere del av prosjekt- og masteroppgåve om dette er av interesse.

Vi søker etter 1-2 studentar til å delta i dette prosjetet i 1 - 2 månader i sommar, 
Start: juni

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil tilpassast den enkelte søkjar sine kvalifikasjonar og interesser og kan omfatte:

  • kartlegging og dokumentasjon av tidlegare hendingar i kommunen med feltsynfaring og oppmåling 
  • oppmåling av bekker og vassdrag og etablering av terrengmodellar
  • bruk av drone for oppmåling og dokumentasjon Identifisering av potensielle kritiske punkt etter NVE sin rettleiar for kartlegging av bekker og vassdrag
  • etablering av vassføringsstasjonar og vassføringsmålingar

Oppgåvene verte rettleia og utførd i samarbeid med personar frå kommunen og NTNU og NVE. I tillegg til oppgåver knytt direkte til Trygg Elv prosjektet vil det vere aktuelt å delta i andre relevante oppgåver i kommunen.

Kvalifikasjonar:
  • minimum 1 års studiar på høgare nivå, helst innan områda eit eller fleire av tema naturfarar, vatn, geologi, geoteknikk, planlegging, veg, bane og annan infrastruktur
  • Interesse for et eller fleire av områda naturfare, geografi, geologi, geoteknikk, vann og miljø, veg eller planlegging 
  • sertifikat klasse B er ønskeleg
  • erfaring med GIS, Dronar eller IT system er ein fordel, men ikkje nødvendig
  • beherske norsk skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar:
  • fleksibel, sjølvstendig og løysingsorientert
  • vere glad i natur og å vere utandørs
  • ikkje redd for utfordringar

Du bør ha fjellsko.

Vi tilbyr:
  • spennande og utviklande læreplass med varierte arbeidsoppgåver 
  • dyktige rettleiarar med høg kompetanse
  • lønn og arbeidsvilkår i henhald til lov og avtaleverk

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

For meir informasjon:

Sunnfjord kommune: Joar Helgheim, joar.helgheim@Sunnfjord.kommune.no, tlf 57 72 61 21

NTNU: Oddbjørn Bruland; 47607202, Oddbjorn.Bruland@ntnu.no eller Knut Alfredsen; Knut.Alfredsen@ntnu.no

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    30.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3509659
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.02.2021