Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Norsk rikskringkasting AS

Sommarjobb i NRK Sport

Radio- og TV-selskaper

NRK-sporten treng også i 2021 dyktige og engasjerte sommarvikarar i perioden frå juni til ut august. Konkret periode blir avklart med den enkelte.

Vi ser etter journalistar med gode evner til, og eit intenst sug etter, å formidle nyheter og engasjerande historier til eit stadig meir kresent publikum som NRK gjerne vil skal velge oss. 

Korona-pandemien gjer planlegginga av sommaren utfordrande. Vi må inntil vidare førebu oss på at alle arrangement blir avvikla etter planen. Det store som skal skje i sommar er EM i fotball og OL, som begge vart offer for pandemien i 2020.

Sommarvikariata blir knytt til den fleirmediale nyheitsdesken på Marienlyst, med produksjon for nett(inkl.sosiale medier), TV og radio. 

NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar sport direkte  året.

NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.

Totalt arbeider det rundt 90 personar i NRK-sporten, fordelt på ei rekkje fag-grupper.

Arbeidsoppgåver:

Vi skal rekruttere journalistar til ulike plattformer. Det er ønskeleg at du kan pendle mellom plattformene: 

-Nettdesken, som hurtig formidlar siste nytt på NRK.no , men som i tillegg alltid har meir omfattande satsingar på gang.
-SoMe-desken, der oppgåvene blir å lage videoinnhald til Instagram- og Facebook-kontoane våre og til NRK.no. Det er ønskeleg med VJ-erfaring og redigeringserfaring i Premiere og After Effects. 
-TV-og radio-desken, som produserer til ulike nyheitssendingar og til lengre sendeflater.

Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar for å kunne steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.

Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.

Kvalifikasjonar:
-Du må ha dokumentert journalistisk erfaring frå internett og/eller TV og radio. 
-Du må ha dokumentasjon på utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule.
-Du må kunne bruke og lett tilegne deg teknologien og verktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift. 
Personlege eigenskapar:
Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
-Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
-Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
-Du må ha ha nyhetsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
-Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
-Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.
Vi tilbyr:

-Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon. 
-Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
-Høgt tempo og godt humør.
-Grunnleggande innføring i bruk av dataverktøy

Løn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar. NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.