Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
25.01.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Radio- og TV-selskaperUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0340, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3367246Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 11.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Norsk rikskringkasting AS
Sommarjobb i NRK Sport
Radio- og TV-selskaper
NRK-sporten treng også i 2021 dyktige og engasjerte sommarvikarar i perioden frå juni til ut august. Konkret periode blir avklart med den enkelte.
Vi ser etter journalistar med gode evner til, og eit intenst sug etter, å formidle nyheter og engasjerande historier til eit stadig meir kresent publikum som NRK gjerne vil skal velge oss.
Korona-pandemien gjer planlegginga av sommaren utfordrande. Vi må inntil vidare førebu oss på at alle arrangement blir avvikla etter planen. Det store som skal skje i sommar er EM i fotball og OL, som begge vart offer for pandemien i 2020.
Sommarvikariata blir knytt til den fleirmediale nyheitsdesken på Marienlyst, med produksjon for nett(inkl.sosiale medier), TV og radio.
NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar sport direkte året.
NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.
Totalt arbeider det rundt 90 personar i NRK-sporten, fordelt på ei rekkje fag-grupper.
Vi skal rekruttere journalistar til ulike plattformer. Det er ønskeleg at du kan pendle mellom plattformene:
-Nettdesken, som hurtig formidlar siste nytt på NRK.no , men som i tillegg alltid har meir omfattande satsingar på gang.
-SoMe-desken, der oppgåvene blir å lage videoinnhald til Instagram- og Facebook-kontoane våre og til NRK.no. Det er ønskeleg med VJ-erfaring og redigeringserfaring i Premiere og After Effects.
-TV-og radio-desken, som produserer til ulike nyheitssendingar og til lengre sendeflater.
Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar for å kunne steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.
Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.
-Du må ha dokumentasjon på utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule.
-Du må kunne bruke og lett tilegne deg teknologien og verktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.
-Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
-Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
-Du må ha ha nyhetsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
-Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
-Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.
-Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon.
-Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
-Høgt tempo og godt humør.
-Grunnleggande innføring i bruk av dataverktøy
Løn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar. NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Bedrift
Norsk rikskringkasting ASSøknadsfrist
25.01.2021Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Radio- og TV-selskaperUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0340, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3367246Se her for andre jobber fra Norsk rikskringkasting AS
- Oppdatert 11.01.2021