• Company
    Framtidsfylket AS
  • Application deadline
    22.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Industry
    Kraftproduksjon
  • Educational qualification
    Bachelor
  • Work experience
    2-5 år
  • Address
    6823, SANDANE
    GLOPPEN
    Norway
  • Other workplaces
    Gloppen
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3566617
  • Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
  • Updated 08.04.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Framtidsfylket AS

Sogn og Fjordane Energi søker trainee: Elektrifisering

Kraftproduksjon

Å sikre berekraftige løysingar, og bidra i kampen mot dei store klimautfordringane, er berebjelkar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) si verksemd. I SFE arbeider vi kvar dag med å skape ei fornybar framtid.Vil du starte jobbkarrieren din med noko som gir meining? Vi er på jakt etter deg som vil bidra i arbeidet med elektrifisering.

Å erstatte fossile energikjelder med fornybar energi er ei sentral løysing på klimautfordringane. Å elektrifisere samfunnet, og utvikle nye framtidsretta energiløysingar, er ein naturleg del av å vere ein stor produsent og distributør av fornybar energi.

Arbeidsoppgåver

Som trainee innan elektrifisering får du høve til å delta i våre innovasjons- og utviklingsprosessar for framtidas løysingar. Sentralt for SFE sitt arbeid innan dette området:

  • Arbeide med våre satsingar innan elektrifisering og nullutsleppsløysingar
  • Drive fram innovasjons- og utviklingsprosjekt innan elektrifisering og nye berekraftige energiløysingar, både i eigen organisasjon og saman med relevante partnarar

Kvalifikasjonskrav

Du har høgare utdanning innan klima, miljø, energi, eller teknologi.

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee:

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Om deg

  • Du har gode samarbeids-og kommunikasjonsevner.
  • Du er kreativ, utviklings- og moglegheitsorientert.
  • Du jobbar strukturert og målretta.
  • Du er eit friskt pust inn i vår organisasjon

Vi tilbyr

Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga

Det beste med å jobbe i SFE er at du får jobbe med varierte oppgåver som både er spennande og lærerike. Ein jobb her betyr å arbeide i ei framtidsretta bedrift kor ein får vere med å bidra til det grøne skiftet. I tillegg til kjekke og engasjerende arbeidsoppgåver vil ein også ha støttande og hyggelege kollegaer. Desse er som regel aldri redde for å dra ein spøk. Dette er ein god kombinasjon som gjer at du vil trivast på jobb. 

Vi oppmodar kvinner om å søke.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.

 

  • Company
    Framtidsfylket AS
  • Application deadline
    22.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)
  • Industry
    Kraftproduksjon
  • Educational qualification
    Bachelor
  • Work experience
    2-5 år
  • Address
    6823, SANDANE
    GLOPPEN
    Norway
  • Other workplaces
    Gloppen
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3566617
  • Look here for other jobs from Framtidsfylket AS
  • Updated 08.04.2021