• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5026660
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 14.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Skogbruksrådgjevar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vera med å utvikle skogbruket i Sogn?

Velkommen til fagre Sogn, her får du i pose og sekk! Hjå oss kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetra og forenkla tenestene me tilbyr.

Skog i Sogn ser etter ny skogbruksrådgjevar, og det kan vera du som skal ha denne stillinga.

Om stillinga:

Skog i Sogn er eit felles fagmiljø for den kommunale skogforvaltinga i dei sju kommunane til Sogn regionråd. Samarbeidet har tre stillingar (2,6 årsverk) som har som oppgåve å forvalte, utvikle og utnytte skogressursane i Sogn, som omfattar 841 000 daa produktivt skogareal. Du vil gjennom dette arbeidet samarbeide med AT-skog, Skogselskapet og fleire andre skogaktørar i regionen. Sogn har lange skogtradisjonar og er kjent for god furukvalitet. No er grana på full fart inn, og mange «nye» skogeigarar treng råd, rettleiing og hjelp til  planlegging m.m. Difor treng vi deg som har ein tydeleg visjon og sterkt engasjement for skogbruket.

Sogndal kommune er vertskap for eininga. For denne stillinga er hovudarbeidsområda kommunane Vik og Høyanger. Kontorplassering vil kunne tilpassast innanfor området ved behov.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming etter skoglova med forskrifter, tilskotsordningar og kontroll av desse.
  • Fylgje opp vegprosjekt i hovudplan for skogsvegar, skogsdrift og skogkultur.
  • Tilrettelegging for kompetanseheving innan skogbruk og bruk av tre.
  • Bidra til fellesprosjekt i verdikjeda for skogbruket.
  • Vere ein tydleg fagperson med fokus på kvalitet og effektiv teneste.
  • Det må påreknast ein del reiseverksemd i regionen.

 

Kvalifikasjonar:

  • Vi ønskjer at du har ei høgare skogbruksfagleg utdanning. Relevant praksis og erfaring er positivt.
  • God kjennskap til skogbruk, landbruk, utmarksforvaltning  og relevant regelverk er ønskjeleg.
  • Erfaring frå offentleg forvaltning vil vere ein fordel.
  • Vi oppmodar nyutdanna til å søkje.
  • Førarkort klasse B.

 

Personlege eigenskapar:                                                                                                                                    

  • Strukturert og sjølvstendig.
  • Dyktig relasjonsbygger og kommuniserer godt både skriftleg og munnleg.
  • God evne til å sette seg inn i oppgåvene og vilje til gjennomføring.
  • Stort engasjement, open og samarbeidsretta.
  • God rolle og oppgåveforståing.

 

Me tilbyr:

  • 100 % fast stilling som rådgjevar skogbruk.
  • Varierte og interessante oppgåver med stor kontaktflate.
  • Ei sentral rolle i skogbruket i regionen.
  • Gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Løn og vilkår etter avtale.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    11.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5026660
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 14.03.2023