Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Skog- og utmarksforvaltar

Offentlig forvaltning

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar i 100 % fast stilling som skog- og utmarksforvaltar i Ål kommune. Du skal også utføre skogbruksfaglege oppgåver i Hol kommune med ein fast kontordag i Hol. Stillinga gir interessante og sjølvstendige oppgåver i eit sterkt fagmiljø med ca. 15 tilsette innan byggesak, plan, oppmåling, landbruk, miljø, næring, folkehelse og VA.

Ål kommune legg til rette for at rett person kan utvikle seg, og vi ønskjer oss ein medarbeidar som er engasjert i det grøne skiftet og næringsutvikling innan primærnæringa.

Arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing og saksbehandling innan landbruk- og skogsrelatert lovverk
  • Utmarksforvalting i kommunen og sekretær for viltnemda
  • Forvaltning og kontroll av økonomiske verkemiddel, blant anna tilskotsforvaltning
  • Deltaking i prosjektarbeid og samarbeid med andre instansar
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter relevant master frå universitet eller høgskule innan landbruk, skogbruk utmarksforvaltning eller tilsvarande. 3-årig utdanning kan bli vurdert.
  • God kjennskap til landbruk, skogbruk og relevant regelverk er ønskjeleg
  • Erfaring frå offentleg forvaltning vil vera ein fordel
  • Gode datakunnskapar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Førarkort klasse BE

 

Eigenskapar

  • God arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Strukturert og systematisk
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr:

  • Fagleg utvikling gjennom kommunesamarbeid
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode arbeidstidsordningar, blant anna fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

 

Løn og vilkår:

Tilsetting iht. gjeldande lov- og avtaleverk. Løn etter ansiennitet og kvalifikasjonar. Oppstart etter avtale.

Søknadsfrist: 13.08.2021.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsleiar Svein T. Furuhaug (91518610), eller kommunalsjef Reidun Aaker (99287854).

Søknad på stillinga sendast elektronisk via heimesida til Ål kommune: www.aal.kommune.no . Når du har valt aktuell stilling er det ein grøn knapp «Send søknad» øvst i høgre hjørne. Du skal ikkje sende inn vitnemål og attestar. Ta med kopiar av disse til eit eventuelt intervju. Kommunen følgjer offentlighetsloven § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

 

Adresse: Torget 1, 3570 Ål