• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    18.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6551937
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Skipsmotormekanikar Arsvågen-Mortavika, pt. MF Stavangerfjord

Ferger

Fjord1 søker no ein skipsmotormekanikar til MF Stavangerfjord, ei gassdriven ferje som trafikkerer eitt av Noregs største ferjesamband – Arsvågen–Mortavika.

Som skipsmotormekanikar blir du ein viktig del av den daglege drifta om bord. Du jobbar tett saman med maskinistane og maskinsjef, og deltek i maskinvakt, vedlikehald, feilsøking og oppgåver knytt til tryggleik og beredskap.

I stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri – ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reise til og frå arbeidsperiodane blir dekka av rederiet.

Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du blir ein del av eit trygt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø om bord, der samarbeidet på tvers av heile besetninga er ein naturleg del av kvardagen.

Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart august 2026. 

Kvalifikasjoner:

  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Ferdighetssertifikat skipsmotormekaniker 
  • Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF
  • Krise- og passasjerhandtering
  • FSE
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
  • Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av.
  • Treningsrom om bord i fartøyet
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
  • Ein bur ombord i arbeidsperioden
  • Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    18.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5561, BOKN
    BOKN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6551937
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA