Company
Fjord1 ASAApplication deadline
10.12.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6184, STORESTANDAL
ØRSTA
Number of positions
1Career-kode
6772911Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Skipsfører i sambandet Standal - Trandal, p.t. MF Kvernes
Ferger
Fjord1 har ledig stilling som skipsfører i sambandet Standal-Trandal, p.t. MF Kvernes
Vi tilbyr ei attraktiv skiftordning med ei veke på og ei veke av, som gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Mannskap bur ombord i arbeidsperioden. Sambandet byr òg på litt ekstra variasjon i kvardagen med signalturar til Store Kalvøy og Valderøy og kvar onsdag og laurdag. Desse turane gir ein annleis arbeidsdag og høve til å oppleve vakre kystomgjevnader.
Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle for å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Kvalifikasjoner:
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
Personlige egenskaper:
Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr:
- Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar
- Skiftordning: 1 veke på og 1 veke av
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
10.12.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6184, STORESTANDAL
ØRSTA
Number of positions
1Career-kode
6772911Look here for other jobs from Fjord1 ASA