Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
06.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6947, LAVIK
HØYANGER
Antal befattningar
1Karriere-kod
6551943Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Skipsførar til nye autonome ferjer Lavik-Oppedal
Ferger
Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye skipsførar og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.
Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.
Fjord1 har ledige stillingar som skipsførar på ulike skiftordningar;
- 5 skifts-ordning: vil gå heile døgnet - skiftordning 2 veker på og 3 veker fri. Her tilbyr Fjord1 hybelordning i skiftperiode.
- Dagskift: 2 veker på og 2 veker fri (ferja vil gå i rute alle dagar). Mannskap bur ombord i skiftperiode.
Du må skrive i søknaden kva skiftordning som er relevant for deg.
Oppstart: etter avtale.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- D3 sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- ROC/GMDSS sertifikat
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg
Personlige egenskaper:
Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter, treningsstøtte, behandlingsforsikring , digital helseveiledning og gode rabattordningar
Företag
Fjord1 ASAAnsökningstiden
06.04.2026Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
FergerUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6947, LAVIK
HØYANGER
Antal befattningar
1Karriere-kod
6551943Se här för andra jobb från Fjord1 ASA