• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    01.02.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6947, LAVIK
    HØYANGER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6505135
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Skipsførar på reservefartøy Lavik-Oppedal

Ferger

Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.  

Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.

Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye skipsførar og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.


Fjord1 har ledig ei spanande og sjølvstendig stilling som skipsførar på reservefartøyet MF Lifjord i sambandet Lavik-Oppedal, med base i Lavik , ca 2 timar nord for Bergen. 

I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at vår reserveferje alltid er operativ. Du vil også yte støtte ved behov for bytte av fartøy, mannskap eller i samband med planlagde verkstadsopphald.

Du vil få ei sentral rolle i opplæring og utsjekk av mannskap på dei nye ferjene.

Som skipsførar på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på ferjesambandet. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine lederegenskaper og erfaring.

Dette er ei stilling med stort ansvar og moglegheiter.  For å lukkast i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og  ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land. 


Kvalifikasjoner:

  • D3 sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • ROC/GMDSS sertifikat
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg

Personlige egenskaper:

Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. 

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
  • Turnus: 2 veker på, 2 veker av, 84 timar pr. veke
  • Mannskap bur ombord i skiftperiode
  • Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    01.02.2026
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6947, LAVIK
    HØYANGER
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6505135
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA