Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
01.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6947, LAVIK
HØYANGER
Antall stillinger
1karriere-kode
6505135Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Skipsførar på reservefartøy Lavik-Oppedal
Ferger
Fjord1 skal frå 1.9.26 drifte verdas første autonome ferjesamband; eit verdsleiande prosjekt som kombinerer autonom ferjedrift, grøn innovasjon og banebrytande teknologi.
Vi er godt igang med prosjektet, der 4 ferjer er under bygging.
Vil du vere med å forme framtida til sjøfarten? Bli vår nye skipsførar og ta del i spennande kvardagar på fjorden. Søk no og bli ein del av vårt maritime fellesskap.
Fjord1 har ledig ei spanande og sjølvstendig stilling som skipsførar på reservefartøyet MF Lifjord i sambandet Lavik-Oppedal, med base i Lavik , ca 2 timar nord for Bergen.
I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at vår reserveferje alltid er operativ. Du vil også yte støtte ved behov for bytte av fartøy, mannskap eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Du vil få ei sentral rolle i opplæring og utsjekk av mannskap på dei nye ferjene.
Som skipsførar på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på ferjesambandet. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine lederegenskaper og erfaring.
Dette er ei stilling med stort ansvar og moglegheiter. For å lukkast i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
Kvalifikasjoner:
- D3 sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- ROC/GMDSS sertifikat
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg
Personlige egenskaper:
Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
- Turnus: 2 veker på, 2 veker av, 84 timar pr. veke
- Mannskap bur ombord i skiftperiode
- Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
01.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6947, LAVIK
HØYANGER
Antall stillinger
1karriere-kode
6505135Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
-
Overstyrmann/dekkssjef på reservefartøy Lavik-Oppedal
Fjord1 ASA
LAVIK -
Vil du bli vår nye skipsførar på hurtigbåt?
Fjord1 ASA
ISDALSTØ -
Maskinsjef reservefartøy Lavik -Oppedal, ein spennande og variert jobb
Fjord1 ASA
LAVIK -
Maskinsjef, 2 uker på og 3 uker av, Jektevik - Nordhuglo - Hodnanes
Fjord1 ASA
STORD -
Skipsførar på hurtigbåt i Stavanger
Fjord1 ASA
STAVANGER