• Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    11.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5947, FEDJE
    FEDJE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472484
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Vacancy

Fjord1 ASA

Skipsførar i sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn

Ferger

Fjord1 søkjer skipsførar til sambandet Fedje - Sævrøy, p.t. trafikkert av den elektriske ferja MF Fedjebjørn.

 

Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.

Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

 

Arbeidsgjevar dekkjer reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.

Kvalifikasjoner:

  • Minimum D3-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.

Personlige egenskaper:

Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Treningsmoglegheiter om bord
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
  • Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av
  • Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar
 

  • Company
    Fjord1 ASA
  • Application deadline
    11.12.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Ferger
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5947, FEDJE
    FEDJE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6472484
  • Look here for other jobs from Fjord1 ASA