Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
03.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5947, FEDJE
FEDJE
Antall stillinger
1karriere-kode
6507093Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Skipsførar Fedje-Sævrøy, sjøvakt 2-2
Ferger
Skipsførar - leiarrolle på eit utfordrande og spennande samband
I rolla som skipsførar vil du ha ei sentral oppgåve i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Arbeidet byr på både ansvar og reelle utfordringar, med skiftande værforhold og eit fartøy som krev presis og trygg handtering. Du blir ein viktig bidragsytar til gode opplevingar for både passasjerar og mannskap, og samarbeider tett med kollegaer både om bord og på land.
Som ein av dei leiande aktørane innan miljøvenleg sjøtransport, satsar Fjord1 tungt på framtidsretta teknologi. MF Fedjebjørn er eit godt døme på denne satsinga – ei stillegåande og energieffektiv el‑ferje som representerer framtida på fjorden.
Arbeidsgjevar dekkjer reiseutgifter mellom heim og arbeidsstad etter dei retningslinjene som er fastsette.
Kvalifikasjoner:
- Minimum D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Sjøvakt: 2 veker på og 2 veker av
- Reise til/fra jobb vert dekt av arbeidsgjevar
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
03.02.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5947, FEDJE
FEDJE
Antall stillinger
1karriere-kode
6507093Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA