Company
Fjord1 ASAApplication deadline
13.08.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5561, BOKN
BOKN
Number of positions
1Career-kode
6670162Look here for other jobs from Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Skipsførar - Arsvågen-Mortavika!
Ferger
Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika pt. MF Raunefjord.
MF Raunefjord er ei stillegåande gassferje bygd i 2007. Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som skipsførar får du ei nøkkelrolle i å sikre stabil og effektiv drift. I denne stillinga får du arbeide løysningsorientert og operativt. Arbeidsdagane kan vere travle, med skiftande vêr, mykje trafikk og høgt tempo. Stillinga passar difor for deg som er trygg i rolla som skipsførar og trivst med ansvar.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det.
Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap.
Kvalifikasjoner:
- D1-sertifikat.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- Ferdigheitssertifikat, videregåande IGF.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Skiftordning, 2 veker på og 2 veker av.
- Moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Company
Fjord1 ASAApplication deadline
13.08.2026Fulltime/Parttime
FulltimeForm of employment
PermanentIndustry
FergerEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5561, BOKN
BOKN
Number of positions
1Career-kode
6670162Look here for other jobs from Fjord1 ASA