Detaljer
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
23.01.2021Sted:
FØRDEStillingsfunksjon:
SjukepleiarStillingstype:
Skift/turnusBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
FØRDELand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3356585Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sjukepleiararar
Heimetenesta har base ved Vassenden omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, velferdsteknologi, matombringing og dagtilbod. Eininga har ansvar for bebuarar i 39 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene.
Vi har ledig følgande stillingar:100 % fast stilling som sjukepleiar ledig frå snarast.
100 % stilling vikariat som sjukepleiar frå snarast til 31.12.2021.
Stillingane er i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Heimetenesta er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, og har fleire tiltak innan demensomsorg og kvardagsrehabilitering. Vi ønsker å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt.
Krav til søkar:- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gyldig politiattest.
- gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
- god IT-kunnskap
- førarkort klasse B
- er fleksibel og likar utfordringar, og taklar å jobbe på ulike avdelngar
- er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig ute på oppdrag og er trygg på eigne avgjerder
- fungerer godt i team i bustad og har evne til å delegere oppgåver
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- viser tålmodigheit når det er behov for det
- har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er nytenkjande og kreativ
- sjukepleiarar som vert ferdig utdanna i desember er særskilt velkomne til å søke på stillingane.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Kva tilbyr vi:- engasjerte kollegaer og leiarar
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- drivande godt arbeidsmiljø
- god og tilstadeverande leiing
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjon- og forsikringsordningar
- tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Du må søke elektronisk.
Velkommen som søkar!
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater