Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Sjukepleiarar med ambisjonar søkjast

Offentlig forvaltning

Søk på stilling i Ål kommune og bli med i vårt leiarutviklingsprogram. Les meir her.

Har du solid fagkunnskap og leitar etter utfordringar i den kommunale helse- og omsorgstenesta?

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og ser interessante faglege utfordringar i den kommunale helse – og omsorgstenesta?

Ønskjer du å vere med å utvikle alternative tenester som VIPS, kvardagsrehabilitering, - meistring og velferdsteknologiske løysingar?

Vil du yte det vesle ekstra og er samstundes fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking?

Då treng me deg!

Om oss

Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Me har stort fokus på tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane. Dei fleste tenestene er samlokalisert saman med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester. Hos oss kan du jobbe for eksempel i heimetenesta, legetenesta, eldreomsorg og miljøterapitenesta. 

"Varierte arbeidsdager. En får benyttet egenskapene sine på en god måte. Det er et veldig belønnende yrke, med tanke på hvor mye én blir satt pris på." (sitat frå ein tilsett i eldreomsorga)

 Me ynskjer å jobbe med deg som

• har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning
   (klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens)
• trivst med utfordringar og er løysingsorientert
• har gode norskkunnskapar og datakunnskapar

Er du nyutdanna er du velkomen til å søkje - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

 Me tilbyr

• positive og trivlege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
• tilrettelagde og nye lokale
• todelt turnus (me har eigen nattevaktsturnus)
• fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• høgt fagleg nivå og god fagdekking
• høve til fagleg og personleg utvikling
• full barnehagedekning i kommunen
• hjelp til å skaffe bustad
• rekruttere- og behaldetillegg

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.