• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4868274
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 11.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiarar i 100 % stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du ein aktiv arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og leiarar? Då er Vassenden heimeteneste arbeidsplassen for deg!

Vassenden heimeteneste har brukarar i alle aldersgrupper, med hovudvekt av eldre. Dei bur i omsorgsbustad eller i eigen heim ute på bygda. I heimetenesta er ingen dagar like, og det dukkar stadig opp nye situasjonar og utfordringar som må løysast. Ved å jobbe i heimetenesta får du kontinuerleg fagutvikling og moglegheit til å tileigne deg ein unik breiddekompetanse. Jobb i heimetenesta passar for deg som likar utfordringar og variasjon i arbeidsoppgåvene. Du må vere trygg på deg sjølv og like å jobbe sjølvstendig, samtidig som du er ein del av eit tverrfagleg miljø. Du er positiv, glad i nye utfordringar og ønsker  å utvikle din fagkompetanse.

Vi har ei positiv og støttande personalgruppe som ønsker fleire på laget. Vi utfyller kvarandre og gjer kvarandre gode. Om du er nyutdanna eller har årevis med erfaring lovar vi å ta godt vare på deg!

Vi søker etter sjukepleiarar:

  • 2 x 100 % stilling fast frå snarast.
  • 2 x 100 % stilling vikariat frå snarast til medio september 2023

Arbeidstid for stillingane er 3. delt turnus med arbeid 3. dje kvar helg.

Arbeidsoppgaver:

  • ansvarleg for å utføre pleie og omsorgsoppgåver i henhold til gjeldande vedtak
  • å fremme god helse, førebygge sjukdom og lindre liding
  • bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen
  • samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar
  • sørge for at nødvendige prosedyrar og rutinar er utarbeidde
  • bidra til å sikre forsvarlig pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • ansvar for legemiddelhandtering, samstemming og legemiddelgjennomgangar
  • gi rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar

 Kvalifikasjonar:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
  • gyldig politiattest.
  • god IT-kunnskap
  • førarkort klasse B

Vi søker etter deg som:

  • har interesse og engasjement for fagfeltet
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
  • er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
  • medverkar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • personleg eignaheit vil bli vektlagt

Kva tilbyr vi?

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    27.11.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4868274
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 11.11.2022