Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Sjukepleiar, fast stilling på Ressurssenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune har ledig fast stilling til sjukepleiar i 3. etasje på Ressurssenteret for personar med demens.

Stillingsstorleiken er 73%. For tida med turnus kombinert dag og natt. Delar av stillinga er på natt.

Om avdelinga

Ressurssenteret er på Vaksdal sjukeheim. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. 
Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Ynskjeleg med erfaring og kompetanse frå demensomsorg

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus
  • Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
  • Du må takle å stå i interessekonfliktar og har høg arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Me gjev uttelling for relevant etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04