• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960858
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Sjukepleiarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillingane:

Leikanger sjukeheim og heimeteneste har ledig følgjande stillingar

· 100% sjukepleiar fast stilling i todelt turnus frå d.d. på sjukeheimen

· 80% sjukepleiar fast stilling i todelt turnus frå d.d. på sjukeheimen

· 80% sjukepleiar vikariat på natt frå 01.03.23-01.03.24 på sjukeheimen

· 100% sjukepleiar fast stilling i todelt turnus frå d.d. i heimetenesta

 

For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.

 

Leikanger sjukeheim vart ny i 2004 og har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta har base i tilknytning til sjukeheimen. Legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon ligg også i tilknytning til sjukeheimen. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Leikanger sjukeheim har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat. Sjukeheimen ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden og nærleik til Sogndal sentrum.

 

Arbeidsoppgåver:

· Ivareta sjukepleiefaglige oppgåver på institusjon og til heimebuande

· Heilskapleg pleie og omsorg

· Rettleia for studentar/lærlingar og andre

· Delta i tverrfagleg samarbeid og primærteam.

· Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet,

· Medansvarlig for eit godt læringsmiljø

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

· Legge til rett for kvardagsrehabilitering

 

Sentrale ansvarsområde:

· Pasientflyt

· Pasientjournalsystem

· Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta

· Medikamenthandtering

· Legevisittar

· Tverrfagleg samarbeid

· LMP – Gerica

· Velferdsteknologi

 

Kvalifikasjonar:

· Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, psykiatri eller geriatri.

· Førarkort klasse B i heimetenesta.

 

Personlege eigenskapar:

· Løysingsfokusert

· Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne

· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt

· Ha evne og interesse for eldreomsorg

· Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    26.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4960858
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 09.02.2023