Detaljer

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingsfunksjon:
    Helsepersonell
  • Stillingstype:
    Vikariat
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3492198
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune

Sjukepleiar vikariat

Ål kommune er en utviklingsorientert arbeidsgiver for 650 engasjerte medarbeidere som er opptatt av å gi tjenester av høy kvalitet til alle innbyggere, unge som gamle. Ål kommune er rangert blant de 10 beste norske kommuner i UNICEFs rapport om kvaliteten i barns oppvekst- og levekår. Ål kommune fokuserer på stadig bedre læring, tverrfaglig arbeid i kompetente fagmiljø og digitalisering av Ål kommune sitt pedagogiske tilbod. Helse- og omsorgssektoren er ein fagleg sterk og utviklingsorientert sektor, som driv spennande prosjekt med dagsaktuelle tema i fokus, som velferdsteknologi, aldersvennlige samfunn og ferdighetstrening for autorisert helsepersonell. Ål er kåra som ein av dei beste kulturkommunene i landet, kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.

Sjukepleiar

Har du solid fagkunnskap og leitar etter utfordringar i den kommunale helse og omsorgstenesta?
Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og ser dei faglege utfordringane i geriatriske problemstillingar? Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking? Då treng vi deg!

Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med varierte og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.

Vi har ledig 80 % vikariat som offentleg godkjent sjukepleiar fra 15.mars 2021 til 03. januar 2022.

Avdeling Tunet er ei korttidsavdeling som tilbyr aktiv behandling og rehabilitering. Avdelinga har 16 pasientar og 12,6 årsverk.

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg oppfølging av pasientane
  • Gje heilskapleg og individuell omsorg
  • Planlegge og gjennomføre miljøretta tiltak og aktivitetar
  • Samarbeid med pasientar og pårørande
  • Aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggrupper
  • Veiledning av studentar, elevar og medarbeidarar

Vi ønsker å jobbe med deg som:

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning (klinisk avansert, rehab, geriatri, psykiatri og demens)
  • har gode norskkunnskapar og datakunnskapar

Vi treng deg dersom du:

  • leitar etter sjukepleiarutfordringar i kommunehelsetenesta
  • tek initiativ og kan ta sjølvstendig ansvar
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr:

  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • lønn etter avtale
  • pensjonsordning i KLP

Politiattest:

I Ål kommune må alle som skal arbeide innen helse og omsorg vise fram godkjent politiattest. Denne skal visast fram ved tilbud om tilsetting og skal difor ikkje legges ved søknaden.

Send søknad:

Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Me hjelper deg gjerne dersom du treng hjelp til å søkje elektronisk.

Ta med kopi av vitnemål og attestar ved eventuelt intervju.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.