• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4890524
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Sjukepleiar - vikariat, 100 % stilling på dagtid

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Vikariat som sjukepleiar i avdeling for legeteneste fram til 01.09.2023. For tida er stillinga lokalisert på Frekhaug legesenter. Stillinga har 37,5 timers veke, dagarbeid.

Om Frekhaug Legesenter
Frekhaug legesenter er lokalisert ved Frekhaug senter.

Legekontora har legar med fastlegeavtale med kommunen, og tek i mot både akutte pasientar og vanlege listepasientar. Vi ønskjer å ha tverrfagleg samansett personellgruppe på kvart legekontor, for å kunne møte framtidige oppgåver i legetenesta.

Sjukepleiar skal arbeide innan heile spekteret av oppgåver på legekontoret, i tett samarbeid og samhandling med legane og helsesekretærane.

Frekhaug legesenter er eit kommunalt fastlegekontor med plass til 6 fastlegar og ein LIS lege. Legane er kommunalt tilsette, med fastlegelister. Arbeidsdagane er travle, og god samhandling og kommunikasjon mellom legar og helsepersonell er sentralt. Frekhaug legesenter har tilsett helsesekretær som er driftskoordinator med ansvar for daglege driftsoppgåver.

Arbeidsoppgåver
Sjukepleiar skal delta i svært variert arbeid ved legesenteret, saman med øvrige medarbeidarar.  Vi vil organisere arbeidet slik at det vert avsett tid til sjukepleiefaglege oppgåver, i kombinasjon med rullering på lab, skiftestove og telefon/ekspedisjonsarbeid.

Oppgåvene vil bestå av skiftestovearbeid, laboratoriearbeid, legeassistanse og sjukepleiarfaglege oppgåver i samråd med lege. Det vil og bli oppgåver knytt til telefonråd og vurdere og prioritere pasientar.

Det er aktuelt med sjølvstendige oppgåver knytt til t.d. diabetes, hypertensjon, infusjonar m.v. Sjukepleiar skal bidra i kvalitetsarbeidet, med utvikling og oppføljing av prosedyrar. 

Kompetansekrav
Autorisert sjukepleiar
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
God digital kompetanse

Ønskt kompetanse
Gjerne vidareutdanning i legevaktsarbeid, eller relevant klinisk erfaring frå spesialisthelsetenesta.

Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er sjukepleiar med interesse for, og erfaring frå, legekontor eller og legevakt/akuttmottak. Du liker travle dagar, variert arbeid og er løysingsorientert. Du trivst blant pasientar og medarbeidarar, og samarbeider godt med andre yrkesgrupper. Du er lærevillig, og må kunne kommunisere presist. Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt.   

Vi tilbyr
Løn etter gjeldande tariff.
Kollegafellesskap som samarbeider godt for å tilby gode helstenester
Godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Mogelegheit for å vere med å vidareutvikle legesenteret, med fokus på kompetanseheving og kvalitetsforbedring

Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.12.2022
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4890524
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune