Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
26.02.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4941101Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.02.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Sjukepleiar/vernepleiar - vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sogndal kommune, Heimetenestene avdeling Sogndal.
Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar og vernepleiarar til teamet vårt i heimesjukepleien.
No er det ledige stillingar, og vi håpar du vil bli vår nye kollega. Som sjukepleiar/vernepleiar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.
Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer. Det er tredelt turnus med natt og jobb kvar 3.helg.
Om stillinga:
100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar
For stillingane gjeld tre-delt turnus med natt og arbeid 3. kvar helg i eit år.
Ledig frå snarast.
Oppmodar vernepleiarar til å søke.
Arbeidsoppgåver:
Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesten, sårstell, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering/multidose og lindrande behandling.
Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
Rådgjeving/rettleiing av kollegaer/studentar og pasient/pårørande
Velferdsteknologi
Kvardagsrehabilitering i heimen
Tverrfagleg samarbeid med ulike profesjonar
Stor bredde i pasientgruppa både når det gjelder alder og medisinske behov.
Krav til kvalifikasjonar:
Bachelor i sjukepleie/vernepleiar.
Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar
Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Førarkort klasse B
Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner for å nå felles mål
Løysning/utviklings orientert og skape resultat saman med andre
Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team
Skape tillit og aksept
Lojalitet til arbeidsgjevar/kollegaer og tenestemottakar
Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Godt fagleg miljø
Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
26.02.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4941101Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 10.02.2023