• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5156947
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 27.04.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Sjukepleiar / vernepleiar - open søknad

Offentlig forvaltning

Er du sjukepleiar eller vernepleiar med eit særleg ønskje om å jobbe med tverrfagleg pasientbehandling i eit utviklande, heilskapleg og fagleg fokusert miljø? Vil du vere med å vidareutvikle tenesta i samsvar med morgondagens omsorg for våre innbyggjarar?

Me har ledige stillingar som offentleg godkjent vernepleier/sjukepleiar i fleire avdelingar i helse og omsorgssektoren. Me tilbyr opptil 100 % faste stillingar.

Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.

Arbeidsoppgåver kan vere

  • å gje heilskapleg og individuell helse og omsorgstenester gjennom tett tverrfagleg samarbeid, samt tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande.
  • praktiske og administrative sykepleieoppgaver
  • ansvar for legemiddelhåndtering
  • å rapportere og dokumentere i tråd med interne rutiner og gjeldende lovverk.
  • å aktivt bidra til å sikre individuelle, faglige og etisk forsvarlige tjenester,
  • å aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggruppar.
  • å arbeide med kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid.
  • å rettleie studentar, elevar og medarbeidarar.

Me søkjer deg som

  • har norsk autorisasjon som vernepleier/sjukepleiar gjerne med relevant vidareutdanning
  • har gode norskkunnskapar (minimum B2 – nivå) og datakunnskapar
  • vil vere aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass
  • ønskjer å vere med å utvikle alternative tenester med fokus på meistring og aktivitet, som VIPS - praksismodell, kvardagsrehabilitering og velferdsteknologiske løysningar
  • tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlege sjukdomsteikn.
  • er aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og jobbe med kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid
  • har førarkort kl B ( gjeld for stillingar i heimeteneste, miljøterapitenesta og dagsenter)
  • er raus, fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og har evne til å skape tillit
  • er pliktoppfyllande / påliteleg, lojal og grundig
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr
Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Me jobbar for tilrettelagte aktivitetar og gode opplevingar for pasientane. Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.

Som distriktskommune med lagt reiseveg til sjukehus blir det utført avansert faglege prosedyrar. Me har pasientgrupper med mange ulike og samansette diagnosar, ingen dag vil vere lik.

Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Elles har me:

  • ulike arbeidstidsordingar i dei enkelte avdelingane som årsturnus om langvakt i helg, og eigen nattevaktturnus
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP
  • rekruttere og behaldetillegg
  • tilrettelagde og nye lokale
  • full barnehagedekning i kommunen
  • fri overgangsbustad i 6 månader og hjelp til å skaffe bustad
  • fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.

Lyst å vite meir om å jobbe i helse- og omsorgssektoren i Ål og dei ulike avdelingane?

Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du på vår heimeside.

Politiattest og søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. 

Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. 

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Ta gjerne kontakt med oss.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5156947
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 27.04.2023