Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

 

Har DU lyst å bli vår nye medarbeidar? Kom til Sunnfjord og Førde Omsorgssenter!

Vi  har fleire spennande stillingar som sjukepleiar/vernepleiar og helsefagarbeidar ledig frå  januar 2025.

  • 4 stillingar som sjukepleiar/vernepleiar - 100% fast stilling 
  • 4 stillingar som helsefagarbeidar - 100% fast stilling

Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre avdelingar held til her; korttid, langtid og skjerma. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.

Vi ser etter deg som ynskjer å jobbe på ein spennande og lærerik arbeidsstad, ilag med ein gjeng kjekke kollegaer. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna til å søke. Du vil garantert lære mykje! 

Vi søker deg som

  • er engasjert og kan jobbe sjølvstendig
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • har gode norskkunnskapar                                                       

Vi tilbyr

  • systematisk fagleg utvikling med tilbod om interne og eksterne kurs
  • spennande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • everrfagleg samarbeid
  • valfri turnus; langvakter eller ordiner todelt eller tredelt turnus
  • god opplæring og oppfølging
  • trivelege lokale
  • kantine
  • lønn med rekrutteringstilskot
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår

 

 

Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til fagutvikling i samhandling med dine kollegaer
  • Bidra med rettleiing, undervisning og opplæringstiltak av tilsette, inkludert elever/studentar/lærlingar
  • Utføre sjukepleiarfaglege oppgåver i tråd med gjeldande krav til kvalitet
  • Rettleie og informere bebuar, pårørande og kollegaer
  • Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • Direkte pasientretta arbeid

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar 
  • Engasjement for somatikk, eldreomsorg og fagutvikling
  • God kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy og kvalitetssystem
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, munnleg og skriftleg,
  • Norsk språkkunnskap tilsvarande C1
  • Samhandlingskompetanse
  • Godkjent politiattest av ny dato

Personlege eigenskapar:

  • Positiv og engasjert sjukepleiar med interesse og kompetanse i alders-somatikk
  • Fokus på personsentrert omsorg i utøving av sjukepleiefaget
  • Løysningsorientert med stor gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
  • God på samarbeid og det å gjere andre gode
  • Omstillingsevne
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er sosial
  • Du liker å jobbe i tverrfagleg team

Personleg eigenskapar vert vektlagde.  

  

 

Helsefagarbeidar

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til fagutvikling i samhandling med dine kollegaer
  • Bidra med rettleiing og opplæringstiltak av tilsette
  • Rettleie og informere bebuar, pårørande og kollegaer
  • Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • Direkte pasientretta arbeid

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • God digital kompetanse, inkludert god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy og kvalitetssystem, CosDoc
  • Dokumentert norskkompetanse tilsvarande B2
  • Oppdatert innan eige fagområde
  • Erfaring frå arbeid med eldre
  • Ønskeleg med erfaring frå bruk av velferdsteknologi

Personlege eigenskapar:

  • Gode evner til å koordinere og planlegge oppgåver
  • Omstillingsevne
  • Stor arbeidskapasitet, fleksibel og god arbeidsmoral
  • Du liker å jobbe i tverrfagleg team
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er sosial
  • God formidlingsevne og språkforståing
  • Tolmodig og effektiv
  • God relasjonsbygger
  • Ærleg, raus og nysgjerrig
  • Du ser moglegheiter der andre ser avgrensingar
  • Du liker å hjelpe og å gjere andre gode

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

 

Velkommen som søkar!

 

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.