• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    22.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5368774
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 13.10.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi er eit moderne omsorgssenter med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar i eit godt fagmiljø. Hjå oss vil du få nytte fagkompetansen din gjennom ansvar og spennande oppgåver. Du vil få mogelegheit for å gå i ein turnusordning med bruk av langvakter som gjev lengre friperiodar.

Vi har ledige stillingar ved skjerma eining og langtidseininga :
  • faste stillingar som sjukepleiar/vernepleiar
  • faste stillingar som helsefagarbeidar
  • helgestillingar for sjukepleiar/helsefagarbeidar

Førde omsorgssenter er eit «levande» senter som består av 3 einingar; korttidseining, langtidseining og skjerma eining. Vi samhandlar med mellom anna fysio/ergo, aktivitør og eigen lege på senteret.

Vi er framtidsretta og har fokus på fagleg kvalitet. Dette er arbeidsplassen for deg som ønsker høg grad av fagleg utvikling, likar varierte oppgåver, er sjølvstendig og trivast med utfordringar.

Kven er du:
  • motivert for å arbeide med menneske
  • evner å tileigne deg ny kunnskap
  • engasjert og kan arbeide sjølvstendig
  • god på samarbeid og til å delegere oppgåver
  • oppteken av gode relasjonar og pasientnær omsorg
  • ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • fleksibel og likar utfordringar
  • positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
  • kr 20 000 som rekrutterings- og stabiliseringstillegg for sjukepleiar i 100 % stilling
  • kr 7 000 som rekrutterings- og stabiliseringstillegg for helsefagarbeidar i 100% stilling
  • kompensasjon for rettleiing av sjukepleiarstudentar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning ved 15-60 studiepoeng
  • moglegheit for langvakter 
  • engasjerte kollegaer og leiarar
Kvalifikasjonskrav:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar elle helsefagarbeidar
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • IKT-kunnskap
  • godkjent politiattest

Vidareutdanning innan demensomsorg, lindrande behandling/palliasjon, rettleiing, legemiddelhandtering eller velferdsteknologi, samt erfaring som ressurssjukepleiar vil vere ein fordel.

Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning til stillingane, kan andre med erfaring og interesse for eldreomsorg søke. Ein vil då få tilbod om mellombels stilling.

Håpar dette verkar interessant!

Ta gjerne kontakt med ein av einingsleiarane om du har spørsmål.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    22.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5368774
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 13.10.2023