Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
11.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6437977Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
Askvoll kommune
Sjukepleiar/vernepleiar i 100% fast stilling ved bu- og miljøtenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Arbeidet gjeld ei kvinne med ulike helseutfordringar. Dei tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre ei heilskapleg tilnærming og oppfølging. Stillinga er knytt til enkeltbrukar og inneber arbeid etter 35,5 t/veke med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver:
- Stillinga gjeld arbeid med ei kvinne
- Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
- Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
- Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Tverrfagleg samarbeid
- Medverke til fagutvikling i seksjonen
- Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
- Medisinansvar etter kompetanse
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
- Turnusarbeid etter 35,5 t/ veke med arbeid kvar tredje helg
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- Vi søker etter trygge personar med god relasjonsevne
- Det vert lagt stor vekt på erfaring frå tilsvarande brukargruppe
- Personlege eigenskapar og tilpassing til brukarens behov vil bli vektlagt
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Legge fram politiattest av nyare dato før oppstart
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
For stillinga er det ønskjeleg med førarkort klasse B
Askvoll kommune tilbyr eit attraktivt arbeidsmiljø med gode vilkår for sine tilsette. Vi ynskjer å rekruttere dyktige medarbeidarar og tilbyr mellom anna:
- Signeringsstipend på kr. 75.000 for nye tilsette sjukepleiarar/vernepleiarar mot to års bindingstid etter nærare avtale
- Lokalt tillegg på kr 40.000,- over garantiløn etter tariff for sjukepleiarar og vernepleiarar. Det lokale tillegget vert ikkje aktivt før 2. tilsetjingsår dersom ein inngår avtale om signeringsstipend.
- Tilsette som inngår individuell avtale om å arbeide to ekstra helgar per halvår, og vert innarbeidd i årsturnus får utbetalt ein bonus. Utbetalinga kjem i tillegg til ordinær løn etter faktisk arbeidd ekstra helg.
- Arbeidsgjevar dekker nødvendige kostnader til arbeidsklede og fottøy i tråd med lokal avtale og tariff
- Ekstra friveke for tilsette over 62 år
- Gode pensjonsordningar gjennom Statenspensjonskasse (SPK) for undervisningspersonale og Kommunal Landspensjon (KLP) for andre tilsette
- Gode person- og yrkesskadeforsikringsordningar
- Mogelegheit for fagleg vidareutvikling og etterutdanning med stønad/kompensasjon frå arbeidsgjevar etter nærare avtale
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø prega av trivsel, utvikling og kollegasamhald
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass ved tilflytting
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-4 klasse
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune
Alle som bur i Askvoll kommune har rett til nedskriving av studielån med kr. 25.000 per år etter den nye statlege støtteordninga. Meir informasjon og søknad kan du få hjå Lånekassen.
Du er velkommen til å bli ein del av ein kommune som satsar på sine tilsette og som tilbyr gode rammer for både arbeid og privatliv.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne. Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Askvoll kommuneSøknadsfrist
11.11.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6437977Se her for andre jobber fra Askvoll kommune
-
Sjukepleiar
Sogndal kommune
Leikanger -
Assistent i Miljøtenesta
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sjukepleiar 60% og 80% fast natt, Sundheimen
Øygarden kommune
STRAUME -
Tilkallingsvikarar og helgevikarar innan helse og omsorg
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Generell Søknad - tilkallingsvikar i Helse- og omsorgsektoren
Ål Kommune
ÅL