• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4600847
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar 25-30% natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillingane

Me har no to ledige nyoppretta helgestillingar som våken nattevakt med arbeid kvar tredje helg. Vaktene er for tida mellom 9-10 timar.

Den eine stillingen er knytt både til Bjørkhaugen og Kvernhusmyrane bufellesskap og vil ha vakter fordelt i begge boligene. 

Den andre stillingen er nyoppretta med base i Kvernhusmyrane Bufellesskap, men vil ha nokon faste oppdrag i andre boligar samt vera bakvakt for nokon boligar. Oppdraga vil vera i området rundt Knarvik og Frekhaug.

Om arbeidsplassen

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenestene vert gjeve som tenester i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetssenter, og ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.

Bjørkhaugen bufellesskap og Kvernhusmyrane Bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er heimen til totalt 12 personar med ulik grad av funksjonshemming. Målet er å gje tenester av høg kvalitet for å sikre ein best mogleg kvardag for den einskilde.

Arbeidsoppgåver

  • Direkte miljøarbeid med tjenestemottakere
  • Legemiddelhåndtering
  • Oppfølging av vedtak etter kap. 9
  • Praktiske gjeremål i bolig
  • Bidra til eit godt omdømme gjennom god service ovenfor tjenestemottaker 
  • Følge lokale retningslinjer og arbeidsinstruks for arbeid på natt
  • Dokumentasjon gjennom profil

Kompetansekrav

  • Autorisasjon som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller vernepleiar, ev sjukepleiar- eller vernepleiarstudent
  • God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Sertifikat klasse B
  • Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og somatiske plager er eit føremon

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å foreta faglige vurderingar og utvisa godt skjønn
  • Du har evne til samarbeid og til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har høg etisk bevissthet og evne til kritisk refleksjon

Me ynskjer deg som er engasjert, fleksibel og har erfaring frå burkargruppa. Du er ikkje redd for å by på deg sjølv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du har eit ønskje om å gjere ein positiv forskjell i andre sitt liv. 

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Meiningsfulle oppgåver og godt arbeidsmiljø
  • Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar 

Politiattest

I tråd med helse og- omsorgstenestelova §5-4 vert det stillt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2022
  • Stillingstype:
    Helg
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4600847
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune