Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.02.2026Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6507061Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Sjukepleiar/Vernepleiar fast 100% stilling
Brannvesen
VED SURNADAL SJUKEHEIM SKAL VI TILSETTE SJUKEPLEIAR I FAST 100% STILLING.
Vernepleiar er også aktuelt.
Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.
I tillegg kan andre stillingar og vikariat bli ledig og det kan bli aktuelt med fleire tilsettingar.
Om oss:
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØDH (Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphald).
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for å auka tryggleik, kvalitet og trivsel
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Arbeidsoppgåver:
- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- teamleiarfunkjson og samhandling
- koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
- veiledning og opplæring
- dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
- tverrfagleg samarbeid
- legemiddelhandtering
Personlege eigenskapar vi ser etter:
- fagleg dyktig og med engasjement
- ansvarsfull og handlekraftig
- endringsvillig og positiv til å sjå løysingar
- gode samarbeidsevner
- fleksibel innstilling
Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne. Begge delar er viktig med tanke på god dialog og dokumentasjon.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi inviterer til samtalar med aktuelle søkarar.
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjon- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Jfr vedtak 65/21 i kommunestyret 16.12.2021, gjeld dette vedtaket:
Eksterne søkarar som får tilbod om sjukepleiestilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønni 100% stilling som tilsvarar lønn med 10-års ansiennitet. For eksterne søkjarar som har meir enn10-års ansiennitet frå tidlegare, blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk for tilsetting.
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
08.02.2026Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6507061Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
-
To faste stillingar for helsefagarbeidarar
Surnadal kommune
SURNADAL -
Sjukepleiar i fast 100% stilling
Surnadal kommune
SURNADAL -
Sjukepleiar, 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Kvalitetsrådgivar helse og omsorg
Aukra kommune
AUKRA -
Ferievikarar i Helse- og omsorgstenestene 2026
Surnadal kommune
SURNADAL