• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    10.12.2021
  • Sted:
    DALE I SUNNFJORD
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALE I SUNNFJORD
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4235714
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune

Sjukepleiar/vernepleiar - fast 100% stilling

Fjaler kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi søkjer etter deg som har interesse for å arbeide innen eldreomsorga, som er opptatt av fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ynskjer å bidra til at våre bebuarar har eit godt liv her på sjukeheimen. Vi har fokus på å skape eit godt arbeidsmiljø og høg kvalitet i tenesta, og dette ynskjer vi at skal gjenspeile måten du arbeider og kommuniserer på.

Vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. Vi kan tilby introduksjonsprogram for nytilsette og fadderordning. Du vil komme til ei teneste med høg kvalitet og du vil jobbe saman med kjekke og kreative kollegaer. 

Det er nyleg oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, ernæring og diabetes, kreft, velferdsteknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.

Stillinga som sjukepleiar eller vernepleiar er ei 100% fast stilling ved Fjaler sjukeheim. Du vil ta del i 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. På kveld og helg samarbeidar vi på tvers av avdelingane.

Fjaler sjukeheim har totalt 36 plasser fordelt på 3 avdelingar. Av desse er 13 langtidsplasser, 8 plasser på skjerma eining og 15 plasser på kortid/rehabiliteringsavdeling. Sjukeheimen har eige institusjonskjøkken, som lager mat etter kok/kjøl prinsippet. Vi har eige dagsenter for bebuarane våre, samt for heimebuande som kjem på dagopphald for sosialt samvær, aktivitet og måltid. Dagsenteret er bemanna med eigen aktivitør.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging, kartlegging, vurdering av pasient i samråd med lege
  • Utføre sjukepleiefaglege prosedyrar
  • Pårørandearbeid
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
  • Jobbe kunnskapsbasert
  • Jobbe for auka fagleg utvikling
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein god rollemodell

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Førarkort klasse B
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • God på kommunikasjon og gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø
  • Engasjement for eldreomsorg
  • Godt humør
  • Fleksibel og omstillingsdyktig
  • Positiv og serviceinstilt
  • Fagleg kompetent
  • Stor arbeidskapasitet og meistre høgt tempo
  • Personleg egna til stillinga

Vi tilbyr

  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding. 

 
  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    10.12.2021
  • Sted:
    DALE I SUNNFJORD
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALE I SUNNFJORD
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4235714
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune