• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3733742
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar/Vernepleiar, 80% fast stilling, Straume bu og service senter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppa som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få væra aktiv, oppleva tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, og assistentar.

Senteret inneheld tre bufellesskap, ein dagavdeling og 28 omsorgsbustader. Det er no ein ledig fast 80 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i servicedelen hos oss.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Du må trives saman med menneskjer og ynskje å yte ditt beste for å ivareta våre brukarar. Dei vi skal hjelpa har ulike medisinske behov og du må kunne utføra varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarar.
  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Medikamenthandtering
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Dokumentering i fagjournal

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • erfaring frå arbeid med eldre

 

Eigenskapar:

  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeider
  • Kan jobbe sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evner å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

 

Anna:

  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er for tida løna kr 25 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune
  • Stillinga kan aukast med timebank
  • Dersom interne søkjarar kan anna stilling bli ledig
  • Stillinga er ledig frå 1 mai

  

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Avdelingsleiar Heidi Gjerstad 919 11 187

Einingsleiar Trude Myklebust 482 22 316

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3733742
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 15.04.2021