Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar/vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde bu- og miljøteneste eining 2, yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i daglege gjeremål, hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, og delta i og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Personalbasen vår er knytt opp til omsorgsbustader, men vi yt også tenester til personar som bur andre stader i Førde. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte. Dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede. Vi ynskjer å levere gode og meiningsfulle tenester der fagutvikling står sentralt.


Vi har ledig følgande stilling:

100 % mellombels stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 09.02.26 – 07.02.27.

Stillinga er for tida i 2 delt turnus med ordinære vakter, langvakter og med arbeid 4 kvar helg.

Vi søker deg som:
  • er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • har norsk autorisasjon
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • er fagleg oppdatert og engasjert
  • er lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har førarkort klasse B
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
  • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
  • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
  • primærkontaktansvar
  • utarbeide, følge opp og evaluere helsefremmande, førebyggande og miljøterapeutiske tiltak
  • koordinere og følge opp ansvarsgrupper
  • legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande
  • journalføring i fagprogrammet CosDoc
  • rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta
Vi kan tilby
  • engasjerte kollegar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • varierte og spennande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling. 

Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!