• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.10.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766594
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar/vernepleiar - 2x100 % fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar som sjukepleiar eller vernepleiar ved psykisk helse og rus, tenester. Stillingane er ledige frå 01.10.2022. 

Om Psykisk helse og rus, tenester

Alver kommune, psykisk helse og rus teneste- avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga har driftskontor på Manger, Knarvik og Frekhaug. Avdelinga gjev tilbod på dagtid, men arbeid på kveld må påregnes. 

Hovudoppgåva for tenesta er psykisk helse og rusarbeid til unge og vaksne som har, eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusproblem. Tilbodet vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod.

Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse og rusutfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av brukarar gjennom  kartlegging av ressursar og behov, støtte- og motivasjonssamtaler
  • Leggje til rette for aktivitet og for at brukar skal kunne meistre eigen kvardag
  • Medisinoppfølging/ LAR
  • Delta i gruppetilbod og aktivitetstilbod
  • Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, utviklingsarbeid og teamarbeid
  • Koordinere ansvarsgrupper og individuell plan

Kompetansekrav

  • 3 årig helsefaglig utdanning – Sykepleier/ vernepleier
  • Vidareutdanning innan rus, psykisk helse eller anna relevant tilleggsutdanning
  • Arbeidserfaring fra rus- og psykisk helsearbeid
  • Sertifikat kl. B

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet
  • er god på kommunikasjon, samarbeid og samhandling
  • har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg
  • er glad i å jobbe i team, samt trivst med sjølvstendig arbeid
  • er tolmodig og god til å motivere andre
  • har evne til å sjå ressursar hjå den einskilde
  • er opptatt av og legge til rette for brukarmedverknad
  • er fleksibel og har evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver

Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
  • Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø.
  • Rettleiing
  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    03.10.2022
  • Stillingstype
    Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4766594
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune