• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4152954
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 28.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Miljøterapeut - 2x100 % fast i dagstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Psykisk helse og rus teneste - avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga har driftskontor på Manger, Knarvik og Frekhaug, samt eit rusteam som gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga gjev tilbod på dagtid.

Stillingane er primært knytt til rusteamet, men arbeid i heile avdelinga må påreknast etter behov. Stillingane er ledig frå snarast. 

Hovudoppgåva for tenesta er psykisk helse og rusarbeid til unge og vaksne som har, eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusproblem. Tilbodet vert gjeve som individuell oppfølging, gruppetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod.

Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse- og rusutfordringar. 

Menn oppmodast til å søkje.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av brukarar gjennom kartlegging av ressursar og behov, støtte- og motivasjonssamtaler
  • Leggje til rette for aktivitet og for at brukar skal kunne meistre eigen kvardag
  • Burettleiing
  • Medisinoppfølging/LAR
  • Delta i gruppetilbod og aktivitetstilbod
  • Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, utviklingsarbeid og teamarbeid
  • Koordinere ansvarsgrupper og individuell plan

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning
  • Sertifikat klasse B
  • Arbeidserfaring frå rus- og psykisk helsearbeid

Ønskt kompetanse

Det er ein fordel med vidareutdanning innan rus, psykisk helse eller anna relevant tilleggsutdanning. Lang og brei erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning.

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagt i stor grad
  • Du har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet
  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og samhandling
  • Du har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg
  • Du er glad i å jobbe i team, samt trivst med sjølvstendig arbeid
  • Du er tolmodig og god til å motivere andre
  • Du har evne til å sjå ressursar hjå den einskilde
  • Du er opptatt av og legge til rette for brukarmedverknad
  • Du er fleksibel og har evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver

Vi tilbyr

  • Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
  • Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø.
  • Rettleiing
  • Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    07.11.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4152954
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 28.10.2021