• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5086588
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar/vernepleiar - 100 % fast døgnturnus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi får ledig fast 100 % stilling i døgnturnus med arbeid kvar 4. helg for deg som er sjukepleiar eller vernepleiar. Ein arbeidar i 2-3 døgn med påfølgjande 7 dagars fri mellom kvar periode. Stillinga er for tida knytt til Røsvikdalen omsorgsbustad pluss. 

Om Heildøgnbemanna butilbod, avdeling Manger/Knarvik

Avdelinga gjev tilbod til menneske med psykiske lidingar og ROP-lidingar. Vi arbeider for å skape verdige og trygge butilhøve, stabilitet og gode tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneska til å leve mest mogleg sjølvstendige liv i eigen bustad. Brukarmedverknad, maistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet. Avdelinga har ein omsorgsbustad pluss lokalisert i Knarvik samt ein institusjon som ligg på Manger.

Røsvikdalen omsorgsbustad pluss er lokalisert i Knarvik og består av 6 leilegheiter. 

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø
  • Leggje til rette for aktivitet og meistring i eigen kvardag
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar for å skape eit heilskapleg tenestetilbod
  • Vere primærkontakt og koordinator ved behov for individuell plan
  • Delta i kvalitetsuviklinga av avdelinga, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
  • Delta i opplæring av vikarar og studentar
  • Ha oversikt og bidra til dagleg forsvarleg drift i bustaden

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjend sjukepleiar eller vernepleiar
  • Relevant arbeidserfaring innan fagfeltet
  • Vidareutdanning innan psykisk helse- og rusarbeid 
  • Sertifikat klasse B

Ønskt kompetanse

  • Erfaring frå personar med ROP-lidingar 

Personlege eigenskapar
Vi ser setter deg som:

  • har kompetanse, engasjement og interesse for fagfeltet psykisk helse og rus
  • har arbeidserfaring frå feltet og er trygg i møte med andre
  • er initiativrik, fleksibel og kan arbeide sjølvstendig
  • er ein god kollega og viser respekt og likeverd i møte med menneske

Erfaring frå arbeid med personar med ROP-lidingar vert vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Eit sjølvstendig arbeid i eit fagleg engasjerande og godt arbeidsmiljø
  • Døgnturnus
  • Fagutvikling
  • Rettleiing
  • Tilsetjing i hht. gjeldande avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5086588
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 22.03.2023