• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5359526
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 04.10.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar/Vernepleiar 100% fast – Blombakkane Bustader

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring vert lagt stor vekt på. Vi er ei flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe samansett av vernepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Vi har nå ein ledig 100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar. Stillinga er ledig frå 04.12.23. Årsturnus med langvakt, 12,5 t, kvar 4 helg og ordinære vakter i vekedagar.

Vi søker deg som brenner for å sikre gode tenester til menneskjer med utviklingshemming. Du er fagleg engasjert, og likar å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tenesta vår i samarbeid med andre. Som sjukepleiar/vernepleiar vil du få gode høve til fagleg utvikling både innan miljøterapi og innan somatisk helse.

Arbeidsoppgåver:

  • Legemiddelhandtering
  • Oppfølging med omsyn til helse og omsorgstjenestelova kap. 9 og pasient og brukerrettighetslova kap. 4a.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Fagleg arbeid med observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar.
  • Primærkontaktansvar, tverrfagleg samarbeid med ulike instansar og kontakt med pårørande.
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • 3-årig høgskuleutdanning, vernepleiar/sjukepleiar
  • Gyldig autorisasjon
  • Kjennskap til Helse og omsorgstenestelova kap 9 og Pasient og brukarrettighetsloven kap. 4a

 

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå brukargruppa
  • Sertifikat klasse b

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, fleksibel og initiativrik
  • Open og etisk reflektert
  • Påliteleg, audmjuk, tolmodig og omgjengeleg
  • Evne til å arbeide målretta og strukturert, sjølvstendig og i team.
  • Ansvarsbevisst

Anna:  

  • Ledig frå 04.12.23
  • Rekrutteringstiltak ved nytilsetjing av vernepleiarar og sjukepleiarar jmf Øygarden kommune sin lønspolitiske plan.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Avdelingsleiar Blombakkane bustader: Ninni Ludvigsen, tlf: 55 09 68 25/936 32 982

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    15.10.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5359526
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 04.10.2023