Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
10.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5037863Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 01.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Sjukepleiar ved Vaksdal Ressurssenter, 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vaksdal kommune har ledig fast 100% stilling til sjukepleiar for tida i 2. etasje på Ressurssenteret for personar med demens. Stillinga har årsturnus og arbeid kvar 3. helg. Me arbeidar mot gode, tilrettelagde og helsefremjande turnusar.
Om avdelinga
Ressurssenteret for personar med demens/Vaksdal sjukeheim består av både somatisk avdeling og tilrettelagt avdeling for personar med demens. Huset har til saman 32 pasientar fordelt på 2 etg, og 2 fløyer i kvar etg. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Til dømes er pendlartida Bergen-Vaksdal 28 min.
Det skjer mykje spanande utvikling på Ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorga generelt. Ressurssenteret har fått prosjektmidlar til kompetanseheving i palliasjon og demens. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Vernepleiarkompetanse kan bli vurdert
- Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Ynskjeleg med erfaring og kompetanse frå demensomsorg
Personlege eigenskapar
- Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus. Me arbeidar i primærteam
- Du ser løysingar og har ein god porsjon humor
- Du er tålmodig og brenn for god demensomsorg
- Du må takle å stå i interessekonfliktar og ha høg arbeidskapasitet
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Me gjev uttelling i lønn for relevant etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Fjord og fjell-kommune med mange flotte turmål
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
10.09.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5037863Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 01.09.2023