Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Kvam Herad i Brønnøysund

Sjukepleiar Toloheimen langtidsavdeling - demens

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye kollega?

Me søkjer sjukepleiar til 80 % fast stilling frå 01.11.2022 Stillinga har for tida turnus med arbeid kvar 3. helg. Deler av stillinga har årsarbeidstid.

Toloheimen langtidsavdeling for personar med demenssjukdom er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i Norheimsund.

Me har 16 langtidplassar på avdelinga, delt inn i to grupper med 8 pasientar på kvar avdeling, gruppe 3 Vest og Firkløveren.

Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett i gruppa. Me ynskjer oss tilsette som har interesse for fagfeltet demens, og trivast med å arbeida med eldre. Har du erfaring frå arbeid på demensavdeling er det ein fordel.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Demensomsorg
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivietet og trivsel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 
  • Interesse for og/eller erfaring frå demensomsorg

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.  

Personlege eigenskapar

  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Møter andre på ein respektfull og open måte 
  • Roleg, trygg og lojal
  • Fleksibel og løysingsorientert

Vi tilbyr

Trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.