• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5893511
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Sjukepleiar/sjukepleiarstudent/helsefagarbeidar 23% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med 40 000 innbyggjarar og over 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. 

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter der nattevaktene blir fordelt i turnus på tre avdelingar og arbeid mot Fjell sjukeheim.

Vikariatet er ei helgestilling natt. Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar.

Alle sjukepleiarar får eit tillegg på kr 35 000 og i tillegg kr 40 000 for natt.

Arbeidsoppgåver:
  • Oppfølging, pleie og behandling av pasientane på natt
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske senter sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid om studentar på natt
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
Kvalifikasjonar: 

Ønskeleg med autorisert sjukepleiar, men sjukepleiarstudentar eller helsefagarbeidar kan søkja

Personlege eigenskapar:
  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar, palliative pasientar og ØH-pasienter
  • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering.
  • Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er er open,  nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har god IT-kunnskap
  • Du er systematisk og har god orden
  • Du snakkar og skriv godt norsk
Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Anna: 
  • Vikariat frå 25.11.2024 til 15.08.2025
Kontakt:

 

Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20

Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 48 17 79 90

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5893511
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune