• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5177722
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 07.09.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Sjukepleiar Prestahagen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling:

  • Sjukepleiar 90% fast stilling med todelt turnus frå 01.08.23.

 

For stillinga gjeld det turnus med arbeid kvar 3.helg. Det er for tida mest dagvakter i stillinga. Vernepleiarar kan og søke på stillinga.

Prestahagen er ein omsorgsbustad til personar med demens. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Prestahagen har og musikkterapeut som jobbar individuelt og i grupper.

Me søkjer deg som er sjukepleiar eller vernepleiar, som er ansvarsfull, fagleg sterk og er god til å samarbeide. I Prestahagen får du som er sjukepleiar eller vernepleiar ansvarsvakter der du må samarbeide tett med dei andre i avdelingane, samt andre einingar som t.d.  legetenesta.

  

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg av eldre i omsorgsbustad
  • Rettleia for studentar/lærlingar og andre
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Legge til rette for miljøtiltak
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
  • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

 

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande

 

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Bachelor i vernepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demensomsorg.

 

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    08.10.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5177722
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 07.09.2023