• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    18.02.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5550130
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 18.02.2024
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Sjukepleiar/paramedic 100% fast stilling

Offentlig forvaltning

Vil du jobbe i eit høg-kompetent og aktivt miljø? Er du trygg i hektiske og kliniske situasjonar? Er du oppteke av fagleg utvikling? Sjå hit! Kanskje du er ein av våre nye medarbeidarar?

Legetenesta i Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar til avdelinga vår. Det er ledig opptil 100% stilling i 3-delt turnus med helg ved Hallingdal legevaktsentral. Stillingstorleik frå 60% kan avtalast ved tilsetjing. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar.

Ål Kommune ser behovet for ein framtidsretta teneste der sjukepleiar- og legeressursane blir sett i eit komplementært perspektiv, og blir nytta etter innbyggaranes heilskaplege behov. Vi ønskjer å skapa ein avdeling der sjukepleiarane aktivt og direkte yt kliniske tenester til befolkninga gjennom eigen og andre avdelingar. Dette krev nytenking, evne til å tileigne seg ny formal- og realkompetanse, eit breitt klinisk blikk og fleksibilitet.

Vi er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me må handtere alt frå ufarlege infeksjonssjukdommar til livskritiske hendingar. Me er ein spanande arbeidsplass som kvar dag kjenner "pulsen på distriktet".

Arbeidsoppgåver 

  • handtere førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune, som treng medisinsk hjelp 
  • samhandla og assistere med lege for å sikra trygge pasientforløp
  • laboratoriearbeid, prøvetaking og analysering 
  • gje relevant råd og rettleiing til pasientar 
  • hjelpe legane med oppfylging av pasientar med kroniske lidingar  
  • medikamenthandtering 
  • bidra til å utføre relevante driftsoppgåver ved legetenesta 
  • koordinering naudnett med telefonteneste, råd, rettleiing og triagering til innringjarar med akutt sjukdom og skadetilstandar
  • sjukepleieoppgåver i laboratorium, skadestue og vaktsentral
  • tverrfagleg akuttmedisinsk samhandling/kommunikasjon i og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. 

Kvalifikasjonar 

  • bachelor i sjukepleie eller paramedic med norsk autorisasjon
  • 2 års relevant arbeidserfaring 
  • gode norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum C1 nivå 
  • erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt 
  • beherske digitale arbeidsverktøy 
  • sertifikat kl B 

Personlege eigenskapar 

  • du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske avgjersler 
  • du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis eit høgt stressnivå 
  • du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling 
  • personlege eigenskapar blir tillagt vekt

Vi tilbyr

  • høgt fagleg nivå
  • meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • gode pensjonsordningar
  • hjelp til å finne bustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
  • gode stønadsordningar og moglegheiter for personleg vekst i Ål Kommune gjennom kurs og vidareutdanning


Politiattest og søknad

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga. 

Flytt til Ål

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då er du velkomen til Ål!
Flytt til Ål! 


Velkomen som søkjar!

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    18.02.2024
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5550130
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 18.02.2024