• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4559661
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 12.04.2022
Ledig stilling

Ål Kommune

Sjukepleiar og vernepleiar - opptil 100 % fast stilling i helse- og omsorgsektoren

Offentlig forvaltning

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlige sjukdomteikn? Evnar du å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg. Vil du yte det vesle ekstra og er samtidig fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking? Leitar etter utfordringar i den kommunale helse-og omsorgstenesta?  Kan du tenkje deg å jobbe i helse- og omsorgsektoren i Ål? 

Vi har ledige stillingar som offentleg godkjent vernepleier/sjukepleiar i fleire avdelingar i helse og omsorgssektoren. Vi tilbyr opptil 100 % faste stillingar. Dersom du ønskjer å jobbe i ei bestemt avdeling, ber vi om at dette blir presisert i søknaden.

Arbeidsoppgåver

Gje heilskapleg og individuell omsorg gjennom tett tverrfagleg samarbeid, samt tett og godt samarbeid med pasientar og pårørande. Vere aktiv pådrivar for å skape godt fagmiljø og samarbeid mellom faggruppar. Arbeide med kontinuerlig forbetrings- og utviklingsarbeid. Rettleie studentar, elevar og medarbeidarar.

  • Ynskjer du å vere med å utvikle alternative tenester som VIPS - praksismodell, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologiske løysningar?
  • Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlige sjukdomsteikn?
  • Ser du på samarbeid med andre faggruppar, frivillige, brukarar og pårørande som nyttig for utvikling av tenesta?

Om oss

Vi har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med varierte og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Vi har stor fokus tilrettelagt aktivitet og gode opplevingar for pasientane. Ål helsesenter er base for både fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, heimesjukepleie, omsorgsbustader og korttids- og langtidsavdeling. Ål legekontor, Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ål helsesenter. Miljøterapiavdelinga har base på Prestegardsjordet,


Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Er du glad i friluftsliv (ski, sykkel, klatring, riding, vandring) og set pris på eit rikt kulturliv er Ål plassen for deg - sentralt i Sør-Noreg midt mellom Oslo og Bergen.

Me søkjer deg som har følgande kvalifikasjonar

  • har norsk autorisasjon som vernepleier/sykepleier gjerne med relevant vidareutdanning
  • har gode norskkunnskapar og datakunnskapar
  • vil vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass
  • er du nyutdanna er du velkomen til å søkje - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.

Vi treng deg dersom du

  • leitar etter vernepleiar /sjukepleiar utfordringar i kommunehelsetenesta
  • tek initiativ og kan ta sjølvstendig ansvar
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Me tilbyr

  • todelt turnus og eigen nattevaktsturnus
  • enkelte avdelingar har langvakt i helg
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • internundervisning og faglig påfyll.
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad

Lønsvilkår

  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pPensjonsordning i KLP
  • rekruttere og behaldetillegg

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.

Kontaktpersonar i dei ulike avdelingane

  • Heimetenester, kontaktperson er Marie Skråmestø
  • Avdeling Tunet (sjukeheim - korttidsavdeling), kontaktperson er Marit Øen Li
  • Avdeling Stugu (sjukeheim - langtidsavdeling), kontaktperson er Tone Fossgård Berg
  • Miljøterapiteneste, kontaktperson er Marianne Tretterud Skarpås

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Velg " Send søknad" og fyll ut søknaden (du treng ikkje opprette nokon brukar i systemet fyrst). Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4559661
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 12.04.2022