Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6166929Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar og vernepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ønsker du ein aktiv arbeidskvardag med engasjerte kollegaer og leiarar? Då er Vassenden heimeteneste arbeidsplassen for deg!
Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige sjukepleiarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Du vil få ein unik breiddekompetanse, der du aktivt får nytta ferdigheitene og kunnskapen din. Søker du utfordringar og variasjon i arbeidskvardagen, er dette jobben for deg. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø.
Vi har ledig:- 100 % fast stilling som sjukepleiar
- 100 % fast stilling som vernepleiar
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det vil også være moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon. Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:- ansvarleg for å utføre pleie og omsorgs oppgåver i hendhald til gjeldande vedtak
- å fremje god helse, førebygge sjukdom og lindre liding
- bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen
- samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar
- Sørge for at nødvendige prosedyrar og rutinar er utarbeidde
- bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utførast i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- ansvar for legemiddelhandtering, samstemming og legemiddelgjennomgangar
- gi rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
- god IT kunnskap
- førarkort klasse B
- har interesse og engasjement for fagfeltet
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
- er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
- er fleksibel og likar utfordringar
- har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Kva tilbyr vi?- engasjerte kollegaer og leiarar
- inkluderande miljø
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- drivande godt arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- rekruttering/ stabilisering tillegg på kr. 5000
Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.04.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6166929Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune