Detaljer

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    26.10.2020
  • Sted:
    FØRDE
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3151922
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Sjukepleiar og helsefagarbeidar

Førde heimeteneste, eining 1, held til på Førde omsorgssenter. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til bebuarar i om lag 65 omsorgsbustadar knytt til Førde omsorgssenter. Eininga har om lag 33 årsverk. Heimetenesta har fokus på implemetentering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette.

Vi søker etter deg som vil jobbe i 100 % fast stilling som sjukepleiar

Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag der ein følger opp ulike brukarar som bur heime i omsorgsbustad.

Arbeidsoppgåvene er m.a.:
  • tilrettelegge, utvikle og koordinere sjukepleiefaglege tiltak for brukarane
  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos brukar
  • samarbeid med brukar, pårørande, fastlegar og spesialisthelstenesta
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan mellom anna sektorane omsorg, helse- og sosial
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet Cosdoc

Stilling er for tida i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi har i tillegg ledig 100 % vikariat som helsefagarbeidar

Stillinga innheld ein variert arbeidskvardag med omsorg, stell, pleie, praktisk bistand og oppfølging av menneske med ulike hjelpebehov som bur heime i omsorgsbustad.

Stilling er for tida i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vikariatet gjeld i perioden 01.11.20 - 10.09.21.

Krav til søkar i begge stillingane:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar (sjukeplarstilling)
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (helsefagarbeidarstilling)
  • må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg

Dersom det ikkje melder seg søkarar som er autoriserte helsefagarbeidarar til helsefagarbeidarstillinga, kan andre med kunnskap og interesse for arbeid med omsorg, stell, pleie og praktisk bistand til menneske med ulike hjelpebehov vere aktuelle. Dei vil då få tilbod om mellombels tilsetting. 

For alle stillingane ønsker vi at du:
  • har interesse for å yte omsorg
  • er engasjert og positiv
  • har motivasjon og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • har stor arbeidskapasitet
  • bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
  • er endringsvilleg og løysningsorientert
  • er fleksibel

 Desse personlege eigenskapane vert vektlagt ved tilsetting. 

Kva kan vi tilby?
  • engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
  • eit inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
  • tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.

Politiattest må leverast før start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!