• Company
    Samnanger kommune
  • Application deadline
    26.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5059541
  • Look here for other jobs from Samnanger kommune
  • Updated 10.03.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Samnanger kommune

Sjukepleiar i psykisk helse og rus, 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I avdeling for rus og psykiatri har me behov for ein dyktig sjukepleiar i 100 % fast stilling med arbeid kvar 6. helg frå 15/4-23. Ein må arbeida 6. kvar helg i heimetenesta i tillegg. 
Stillinga er organisert under eining for pleie og omsorg.

Arbeidet vil blant anna bestå i miljøterapeutisk praktisk arbeid i psykisk helse og rustenesta og gje tenester til mennesker med samansatte utfordringar og heilskapleg pasientoppfølging med fokus på den mentale/rusrelaterte helsa, så vel som den somatiske og kliniske helsa. Dagleg oppfølging av tenestemottakarar og ivaretaking av brukarar sine ressursar er ein viktig del av arbeidet for å bidra til meistring og god livskvalitet.

 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for heilskapleg oppfølging og miljøtiltak for brukarar med psykiske og rusrelaterte utfordringar
  • Følge opp medisinsk og miljøterapeutisk behandling
  • Gje oppfølging til vaksne innbyggjarar med moderat til alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit med utgangspunkt i den enkelte sine behov
  • Delta i dagsentertilbod
  • Syte for tverrfagleg samhandling med kollegaer, fastlegar, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre instansar
  • Ivaretaking av pasient/brukar sine ressursar, og bidra til meistring og god livskvalitet
  • Vere med og vidareutvikle tenesta i tråd med samfunnet si utvikling, til dømes rundt velferdsteknologi
  • Planlegge og utvikle styringsverktøy og rutinar som sikrar ei mest mogleg effektiv ressursforvaltning og trygg tenesteutøving
  • Medansvar for at eininga driv eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid 


Kvalifikasjonar 

Krav: 

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode ferdigheiter innan IKT
  • Framandspråklege må dokumentera bestått B2 

Ønskjer: 

  • Erfaring frå arbeid med personar som innehar spesielle helseutfordringer
  • Et godt klinisk blikk og god observasjonsevne
  • Har kompetanse og erfaring innan psykisk helse og rus
  • Har erfaring frå personar med somatiske helseutfordringer


Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av kvalitet og er fagleg oppdatert
  • Du har evne til å jobbe tverrfagleg og kommunisera godt
  • Har fleksibilitetsvilje, tar ansvar og kan jobba sjølvstendig
  • Er løysingsorientert, meistrar stress og uforutsette situasjonar
  • Du likar varierte arbeidsoppgåver og spanande utfordringar både fagleg og sosialt
  • Du er endringsvillig og er oppdatert på samfunnet si utvikling
  • Personlege eigenskapar og kva tenesta treng til denne stillinga vil bli sterkt vektlagt 

 Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Company
    Samnanger kommune
  • Application deadline
    26.03.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    5059541
  • Look here for other jobs from Samnanger kommune
  • Updated 10.03.2023