Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
26.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5059541Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
Samnanger kommune
Sjukepleiar i psykisk helse og rus, 100 % vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
I avdeling for rus og psykiatri har me behov for ein dyktig sjukepleiar i 100 % fast stilling med arbeid kvar 6. helg frå 15/4-23. Ein må arbeida 6. kvar helg i heimetenesta i tillegg.
Stillinga er organisert under eining for pleie og omsorg.
Arbeidet vil blant anna bestå i miljøterapeutisk praktisk arbeid i psykisk helse og rustenesta og gje tenester til mennesker med samansatte utfordringar og heilskapleg pasientoppfølging med fokus på den mentale/rusrelaterte helsa, så vel som den somatiske og kliniske helsa. Dagleg oppfølging av tenestemottakarar og ivaretaking av brukarar sine ressursar er ein viktig del av arbeidet for å bidra til meistring og god livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for heilskapleg oppfølging og miljøtiltak for brukarar med psykiske og rusrelaterte utfordringar
- Følge opp medisinsk og miljøterapeutisk behandling
- Gje oppfølging til vaksne innbyggjarar med moderat til alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelavhengigheit med utgangspunkt i den enkelte sine behov
- Delta i dagsentertilbod
- Syte for tverrfagleg samhandling med kollegaer, fastlegar, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre instansar
- Ivaretaking av pasient/brukar sine ressursar, og bidra til meistring og god livskvalitet
- Vere med og vidareutvikle tenesta i tråd med samfunnet si utvikling, til dømes rundt velferdsteknologi
- Planlegge og utvikle styringsverktøy og rutinar som sikrar ei mest mogleg effektiv ressursforvaltning og trygg tenesteutøving
- Medansvar for at eininga driv eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid
Kvalifikasjonar
Krav:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode ferdigheiter innan IKT
- Framandspråklege må dokumentera bestått B2
Ønskjer:
- Erfaring frå arbeid med personar som innehar spesielle helseutfordringer
- Et godt klinisk blikk og god observasjonsevne
- Har kompetanse og erfaring innan psykisk helse og rus
- Har erfaring frå personar med somatiske helseutfordringer
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av kvalitet og er fagleg oppdatert
- Du har evne til å jobbe tverrfagleg og kommunisera godt
- Har fleksibilitetsvilje, tar ansvar og kan jobba sjølvstendig
- Er løysingsorientert, meistrar stress og uforutsette situasjonar
- Du likar varierte arbeidsoppgåver og spanande utfordringar både fagleg og sosialt
- Du er endringsvillig og er oppdatert på samfunnet si utvikling
- Personlege eigenskapar og kva tenesta treng til denne stillinga vil bli sterkt vektlagt
Me tilbyr
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Samnanger kommuneSøknadsfrist
26.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5650, TYSSE
SAMNANGER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5059541Se her for andre jobber fra Samnanger kommune