Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
01.02.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3327501Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 04.01.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Sjukepleiar i natt-team, heimesjukepleien
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vaksdal kommune har ledig 62,4% fast stilling som sjukepleiar på natt.
Arbeidsstad
Heimesjukepleien i Vaksdal.
Om heimesjukepleien
Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.
Som nattevakt i heimesjukepleien vert du ein del av eit natt-team. Det er to på vakt i heimesjukepleien, og ein samarbeider også med andre avdelingar i kommunen.
Ein har base på Dale, og køyrer rundt til brukarar på ulike oppdrag i løpet av natta. Ein reiser både sjølvstendig og i team på to, alt etter type oppgåve og tid på vakta.
Arbeidsoppgåver vil blant anna vera
- Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
- Omsorg og pleie
- Palliasjon i heimen
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar, anna treårig høgskuleutdanning kan også bli vurdert
- Du må ha førarkort klasse B
- Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Som nattevakt må du vera fagleg trygg og kunne ta vanskelege vurderingar sjølvstendig
- Du må like å arbeide åleine, og samstundes ha evne til godt samarbeid i eit lite team
- Som nattevakt i eit lite arbeidsmiljø er det særleg viktig å vera tilpassingsdyktig, raus og fleksibel
- Utviklings- og løysingsorientert
- Evnar å sjå heilskapen i tenesteproduksjon og vera med å utvikle dei ulike fagmiljøa
- Likar utfordringar, samt å finne dei gode løysingane
- Evnar å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientane og pårørande.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Lønsvilkår
- Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du:
Klikk "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, må opprette nytt brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
01.02.2021Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3327501Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 04.01.2021